Hovudsida arrow Artiklar arrow Å bygge en verden av ord
Å bygge en verden av ord PDF Skriv ut
Artikkeloversikt
Å bygge en verden av ord
Side 2
Side 3
Side 4
Side 5
Åsfrid Svensen er professor ved Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap ved Universitetet i Oslo. Om boka ”Å bygge en verden av ord”, Fagbokforlaget 2001, heiter det:: ”Boka trekker linjer gjennom norsk barnelitteratur fra de siste 150 år, og legger vekt på hvordan bøkene kan vekke barnas glede ved å lese eller lytte til dikt og fortellinger.” Kapittel 13 har overskrifta: Forteljingar og livsprosjekt i Rasmus Lølands Kvitebjørnen”

Forteljingar og livsprosjekt i Rasmus Lølands Kvitebjørnen
Av Åsfrid Svensen

Frå vi er ganske små, tolkar vi form, struktur og meining inn i spreidde røynsler og ei forvirrande omverd ved å fortelje. Barnet utviklar tidleg ein forteljekompetanse i samspel med miljøet ikring. Familien har sine historier, kameratane har sine; på skolen møter barnet forteljingar i lærebøker og undervisning. Kvardagen er full av historier, som drar linjer gjennom tid og rom, finn likskapar og skilnader og teiknar årsaksprosessar og målstyrte forløp. Somme historier spring ut av situasjonen i augneblinken; andre har djupe røter i nedervd kulturtradisjon og kollektiv tenking. Barnebokforskaren Margaret Meek er blant dei som understrekar korleis barns medvit er djupt prega av forteljingar:

Forteljinga er den normale reiskapen for deira [barnas] tankar. Dei fortel historier, lyttar til historier, les historier, lengtar etter historier, hugsar historier fordi desse er ei primær medvitshandling, dei nødvendige «hjernefiksjonar» [...] som vi lever gjennom.
(Meek 1980:33, mi omsetjing)

I barneboka Kvitebjørnen (1906) viser Rasmus Løland den sentrale plassen forteljinga har i barns kognitive og emosjonelle utvikling. Og han viser dessutan at ikkje alle forteljingar er like gode tolkings- og utviklingsmiddel. Dei fire gutane som Kvitebjørnen handlar om, står i skjeringspunktet mellom fleire konkurrerande historier, som presenterer motstridande tolkingar av verda, livet og mennesket. Deira eigen forteljekompetanse er viktig når dei skal vurdere historiene dei les eller hører. Vi ser eit stadig vekselspel mellom historiene i miljøet og historier dei sjølve diktar opp og lever ut i leik.

Kvitebjørnen er episodisk i komposisjonen; kvart kapittel fortel ei eller fleire nokså frittståande hendingar som gutane kjem ut for. Men det finst mange samanbindande drag, som påvist av Harald Bache-Wiig i ein artikkel om bildespråk og symbolikk i denne romanen. Som gjennomgåande drag finn han karnevalistisk omkasting av oppe og nede, kvitt og svart. Barna blir opprørarar på vegner av det låge, jordiske i ein vitalistisk leik- og latterkultur (Bache-Wiig 1996).

Av andre strukturerande mønster kan vi leggje merke til rørslene i rommet. Forløpet pendlar fram og tilbake mellom grenda der gutane bur og utmarka, og mellom lukka rom på garden og grenselause opne fantasirom. Gjennomgåande er også den lange rekkja av innlagde historier, som grupperer seg etter sjanger og ofte også i seriar der intensiteten og spenninga stig frå første til siste forteljing.

Romanen opnar og sluttar i utmarka. Opningskapitlet skildrar korleis det første snøfallet på førjulsvinteren drar gutane opp i lia. Dei to siste kapitla handlar om utferder til den islagde Svartetjørna og til isfossen om våren. Seks kapittel og eit halvt års tid ligg mellom det første og dei to siste kapitla. I denne lange mellombolken er gutane for det meste heime, i eit kapittel også på skolen. Heime og på skolen møter dei somme av grunnforteljingane i miljøet og i tida, presenterte snart i skrift, snart i tale. Historiene fordeler seg på tre sjangrar: Kristelege forteljingar om synd, straff og nåde; folkeeventyr om Oskeladden, troll og bergtaking; dessutan eventyrlege historier om drastiske farar og heroiske gjerningar.

Dei fire gutane er vakne og interesserte mottakarar av alle desse forteljingstypane. Dei møter kvar ny historie med forventning, men godtar ikkje alt dei les eller hører; somme historier blir avviste i aggresjon. Likegyldige er desse mottakarane aldri. Dei reagerer ofte med sterke kjensler, og dei gir sin respons på historiene gjennom aktiv handling.
Striden om himmeriket

Historiene kjem snart til syne alt i opningskapitlet. Nysnøen ligg tung på skogen oppetter lia, og alt er underleg og som omskapt.1 Gutane opplever den velkjente skogen som ei framand verd, og trur det må vere som i palmeskogen i heidningeland. Så stansar dei opp ved ein stor, underleg almestuv, som meir enn noko set fantasien i gang. Snart ser dei stuven som ein av indianarhovdingane i bladboka, med fjør som står ut or håret; snart er han ein stor rise. Men størst makt får tanken på at stuven er ein svart heidning, og så går dei i gang med å banke kristendom og opplysning inn i villmannen.