|
Side 1 av 6 Løland skreiv ”livssoga” si i løpet av 12-13 dagar i desember 1896. Han startar med orda:
” Naar eg her skal til aa skrive upp eit og anna um meg sjølv, saa maa ein stødt hugsa paa, at dette er hastverksarbeid”. I blada midt på 1890-talet var det vanleg å ”portrettera” kjende menn. Slik var det både i Den 17 Mai og i ungdomsblada Unge Skuld og Breidablik. Dette var minibiografier med portrett, eit foto, som blikkfang. I ei annonse i ungdomsbladet ”Unge Skud” i 1896, vert det reklamert med at dei skal koma med portrett av mellom andre Rasmus Løland. Men denne skrytesjangeren fekk Rasmus Løland til å tenkja ein del. Og ut på nyåret skreiv han ein dag: ”Tenkte paa kols eg sko skriva levnetsbeskrivelse; fek vont i haave av dæ.” Dette plaga han. For dersom han skulle portretterast i avisene, skulle det som sto der, vera sant og ærleg, og dessutan skulle det vera rett.” (Frå ”Rasmus Løland, Barnebokpioneren fra Ryfylke” av Ernst B Drange) Om sjølvbiografien skriv Drange: ”Det vart eit ærleg og usnobbet dokument. I høve til dei siste litterære trendane inneheldt sjølvbiografien både naturalisme og sjelegransking. Forfattaren skriv usminka om fysisk sjukdom og tungsinn og like tydeleg om angst, maniar og djuptgåande vrangførestellingar og tvangstankar.” Sitata nedanfor er henta frå Rasmus Løland sine eigne handskrivne notat, som i dag er å finna på Nasjonalbiblioteket.
s 1 Naar eg her skal til aa skrive upp eit og anna um meg sjølv, saa maa ein stødt hugsa paa, at dette er hastverksarbeid. Eg skriv det ned som det fell seg, utan kladd og utan vøling paa stilen. Livet mit er fatigt paa ytre ”hendingar”. Det vert altso ikkje mykje av det slaget. Eg er fødd paa garden Løland i Sand i 1861. (Eg ser av ”Breidablik” at eg skal vera fødd den 24de mai; um dette er rett veit eg ikkje. Foreldri mine lagde ikkje merkje til slike smaating, og eg hev aldri fenge meg til aa gaa inn til presten og spyrja.)
s 3 Eg veit ikkje av nokon stad, der det er so underleg stilt og longt.
s 3 Midt i tunet stend den gamle budi som er nemd i ”Breidablik”. Utvendes er ho heilt ”modernisert” – paa den daarlege vis det er. Innvendes er heile veggjerne yvermaala med rosor og bilæte. Maalingi er berre hundrad aar gamal; men huset sjølv er mykje eldre. Ingen veit, naar det er bygt.
s 5 Det er i det heile all naturi ikring som hev vore mine beste vener og kameratar baade daa eg voks upp og sidan. Difor tykkjer eg, at eg altid vert framand for den som ikkje kjenner denne naturi.
s 6 Ætti høyrde til dei ”beste”, som det nemndest daa, og slike ætter heldt seigare en andre fast paa odelsjorderne sine.
s 6 - 7 Men elles var det slettikkje boklege kunskaper som sermerkte ætti. Det mest sermerkte ved mange av dei var ein sterk hug til aa samla eigendom og vera ”bausafolk”. Bestefar min (Lars heitte han) og endaa meir bror hans som budde paa Bjerga lenger inne i fjorden, var ”kaksar” i bygdi, og hadde grave saman mange pengar. Men ”kaksar” paa desse kanter er ikkje det same som paa Austlandet. Det er berre dei fyrste millom likemenn.
s 7 Det er elles aa nemna at folket innetter Hylsstrandi hev havt ord for aa vera litt stive og umedgjerlege. Nokoslags ”vekkjelse” hev aldri fenge rett tak der; berre einkvar mannen hev vorte ”med bønefolki”, medan vekkjingsriderne kan ha gjenge hardt kringum i grannekrinsarne. Hylsfjorden hev difor eit stygt ord paa seg hjaa alle lækpreikarar. Krangel og juristeri hev der vore ein heil del av. Dette trur eg kjem seg noko av, at folket frametter tiderne hev vore meir sjølvberga en mange andre stader; den eine vilde daa ikkje fira for hin.
|