|
Av: Rasmus Løland, Syn og Segn I 1899 So gildt blad som “Almuevennen” fanst ikkje. Dei hadde halde han i nokre aar burti stova og bunde han inn i ei stor bok, og i den boki fann me meir lærdom en i alle dei andre bøker og blad som i hylla fanst. Saag ein i eit anna blad, so fanst der ikkje anna en graa leidvoren læster fraa ende til annan, elder der var i høgdi nokre smaa svarte hender som peika med sleikefingen. Og endaa verre var det med hine bøkerne. Huspostillen og bibelen skulde vera slike grepa bøker, sa alltid dei vaksne. Men saag ein til, so var der ikkje ein gong ein skikkeleg svart neve millom all læsteren. Der var berre eit og anna svart strike. Desse striki freista me alltid aa gjera so mykje ut av som raad var. Me kalla dei lengste av dei for lindormar; dei halvlange var vanlege ormar og slevor, og dei stuttaste var berre sniglar. Men det vilde kje nett verta noko moro av det helder: det var so altfor lite med berre desse ormarne. Den gamle salmeboki etter han bestefar var alltid litegrand likare. Der stod tri eldraude hovud uppyver kvarandre paa fyrste blade, og alle tri so hadde dei vengjer. Det munde vera englar. Han hadde nebb, den eine. Men so var det ogso det einaste i heile boki, dette. Lenger ute fanst det ikkje so mykje som likjende til ei sleva, um ein leitte med brillor. Nei; men den store bladboki, det var anna slag. Der urde og krudde det av allslag. Her var paven i Rom, og skip som sokk ned elder spratt i lufti; der var ein mann sorn heitte Jaabæk, og indianarar med fjører i haare; der var ville dyr og keisar Napoleon og krigen, og ein mann som heitte Teis, og mykje meir, so det aldri var teljandes. Han var ikkje fin, pavern i Rom. Han hadde ein stor kjole paa seg, som eit kvinnfolk, og sat paa ein stol og berre skjekte. Og det var ikkje det gode han gjorde helder, den mannen, sa ho bestemor. Han for ikkje med rett lærdom, sa ho. Men lygn og fals grov han med, sa ho. Det var ein stygg mann, sa ho. Men daa var det ikkje undrandes, at han sat og skjekte so stygt, tykte me. Me hadde god hug til aa skjera heile nasa av han, hadde dot ikkje yore for det, at dei vaksne kunde sjaa det og verta vonde Jaabæk var alltid noko finare. Men so svært væn var ikkje han helder. Han hadde lang nasa og mykje haar. Og han var nok ikkje so svært god og skikkeleg ein mann han helder. Han hadde det med det, sa dei vaksne, at han var so fæl mot alle som var høgt i rangen. Han kunde ikkje ein gong lata vera aa kjekla imot kongen sjølv, sa dei. Daa var det høyrandes at han maatte vera ein tosk til mannog, tykte me. Liksom han skulde vita det betre hell kongen! Han fekk visst takka til, visste han halvparten so mykje som kongen. — Men allra verst var han mot prestarne, dei vilde han hogga augo radt ut paa. Det hadde ho bestemor baade lese i bladi og hoyrt av prestefrua, og ho visste det fulla. Og dei skal faa sjaa kva ende det tek,» sa ho bestemor, dersom han fær gjera det av med prestarne, so me. korkje fær støkk elder skule-eksamen paa ungarne lenger,» sa ho. Um dette siste hadde me alltid vaare eigne tanker, me gutarne. Me hadde vore for presten nedi skulestova ein gong, og ræddare hadde kje me ofte vore i vaar tid, Me gjekk berre og illottast lenge framfyreaat. Var det ikkje noko verre han vilde, han Jaabæk, en aa gjera ende paa slikt, so kunde det visst vera ein hæv mann for det. Men du veil det, vilde han hogga augo radt ut pea prestarne, so var dot stygt mykje. — Ein av gutarne fraa grannestova slo so smaatt paa, urn me ikkje skulde styva nasa av han Jaabæk og; men me andre tykte det var hosta hardt for han, og so fekk han vera for den stylken han var. Men du Napoleon, det var anna til kar. Han var so søkkjandes fin. Han hadde svære klaffor paa akslerne, liksom sjersanten som me hadde set ved kyrkja. Og han var vel likso høgt i rangen og som han. Elder kanskje vel so det og. For han hadde so mykje meir med fint krot og aatteblad-rosor paa brjoste. Men kjøpte sjersanten seg nokre fine blanke blekkplator og klipte dei ut paa same maaten og hengde dei paa seg, so veit du han vart likso fin, han. Det var løgje, han ikkje gjorde det, tykte me; for han hadde fulla pengar nok til det, han. Og so var der ein som dei kalla Garibaldi; han var kje mindre til mann. Han stod ein stad aaleine, og ein annan stad med ei uhorveleg skreid med karar med seg. Sume av dei gjekk og speika med kvite brøker, og alle hadde sylkvasse spjot. Og dot var kje under, dei hadde spjot; for dei murde og slost med paven sjølv, sa ho bestemor. Der stod skildra eit lite hus paa ein haug straks burtanfor dei - det var kanskje der paven budde, trudde me. Han hadde stengt vel att alle dørerne for seg, var det likt til. Men naar alle Garibaldi-kararne tok paa med spjoti, so fekk dei nok dørerne i fliser. Og so kunde dei ta heile paven og slaa han i hel. So kunde han liggja der og gjera rang lærdom ! Men so kom me til aa undrast paa eitt: han hadde vel kjering og ungar, paven ogso . . korleis vilde det so gaa med dei? Dei rømde vel upp paa rotlofte og gøymde seg godt, dei. Aa . . men det kunde paven sjølv og gjera! Han kunde stikka seg ned i eit myrkt hol tett under tekkja og draga ei gamal hit yver hovude paa seg, so ingen fann hyren av honom. So kunde Garibaldi-kararne lenge nok gaa der med nye broker og leita til inkjes. Det var maata aat dei. For det var synd for paven, at dei skulde fara so aitfor fælt med honom. Han var daa eit menneskje, han og. Dei fekk helder ta og dengja han nytteleg paa vanleg vis av og til, dersom han vart altfor uvyrden . . . Men gildare en baade mennerne og indianarane og alt ihop var dei vine dyri•. Der var bjørnar og krokodillar, der var ei løva, og nashorn. Der var ormar som var femclubbelt so fæle som dei skarve makkarne i huspostillen, og mange andre slag, som ingen visste namn paa ein gong. Løva hadde eit breidt andlit og uppkjembt haar, mest som ho Mari, og nashorne gjekk med eit uhorvelegt spjot paa tryne, som ein skulde sjaa bogspryte paa Veloms-jegti. Men korleis folki kunde berga live der desse fæle dyri var, det var kje greidt aa skyna. Dei laut vel kliva upp i askestuvarne elder upp paa badstovetoka og liggja der heile dagarne, radt til dei store dyri gjekk inn i skogen urn kveldarne og lagde seg. Daa var det vel so vidt dei kunde lura seg ned og røma til husar . Me lurde os sistpaa til aa taka bladboki med oss upp aat ei gamall badstova og sat der uppaa turkelemen og blædde so ofte me vilde. Me tydde ut alt me saag, og tykte til slutt at me visste meir en baade skulemeisteren og dei andre vaksne um alt det fæle som i skogarne fanst.
|