|
Side 1 av 4 Av: Ernst Berge Drange September 2007 På Løland i Hylsfjorden - lengst inne i eit av dei vestlandske fjordsystema - dreiv dei på 1880-talet med sjølvstudium i engelsk, tysk og fransk, og diskuterte politikk, litteratur og anna åndsliv i stovene. Det var forresten ikkje berre på Løland, men i heile det ressursrike miljøet av rike bønder i fjorden, så vel som blant dei meir velståande ute på strandstaden Sand. Dei las og diskuterte Brandes, Ibsen, Bjørnson, Kielland, Lie - og Aasmund Olavson Vinje, for dei mønstra tidleg til kamp mot alt danskeknotet. Og dei las Garborg, Kristian Elster, Amalie Skram og Knut Hamsun, for den del òg dei utanlandske førebileta Emil Zola og dei store russarane, som Turgenjev og Dostojevskij. Og dei tok systematisk føre seg Darwin, - så vel som kritikarane hans. Den daglege informasjonen fekk dei gjennom hovudstadsaviser som Verdens Gang og Dagbladet og provinsaviser som Stavanger Avis. Men dei las ikkje Stavanger Aftenblad - Oftedalsbladet - då det byrja koma. For dette var radikale venstrefolk. Både dagens hendingar og åndsliv diskuterte dei mann i mellom, når dei møttest, og dei hadde spontane seminar i kveldsetene. Då drøfta dei det som sto i avisene, eller dei hadde eigne emne for kvelden. I dette miljøet voks Rasmus Løland opp, forfattaren, journalisten, nynorsk-aktivisten og fritenkjaren Rasmus Løland frå Ryfylke (f. 1861), i ein heim med eit stort kulturelt og økonomisk overskot. Barndom Barndommen hans var lukkeleg og prega av mykje fritid. Det var to brødreflokkar på garden, til saman ein ganske stor gutegjeng. Derimot var det nesten ikkje jenter på Løland. Dette kan ein òg sjå i Rasmus Løland sine barnebøker. Det er guteliv og guteopplevingar han skriv om. Det gjekk frå spennande leseopplevingar med Almuevennen, opplysningsmagasinet med både tekst og bilete – ei heilt ny og moderne verd - til innsamling av ”løgne planter”, studie av stjernehimmelen i mørke kveldstunder og utskjering av fantasidyr. Heimen i Oppistovå på Løland var engasjert oppteken av all slag kunnskap og lesing, i utgangspunktet særlig naturkunnskap og historie. Men i Oppistovå var det òg søndagslesing av lange huspostilltekster. Heimen på Løland var prega av ein seinhaugiansk kultur. Dette var kyrkjefolk som òg kunne gå på eigne oppbyggingsmøte når det ikkje var gudsteneste i kyrkja. Men det var samstundes eit miljø som danna front mot dei nye evangeliske vekkingane, som Oftedalsvekkinga. Dei nye lekpreikarane – som ein Lamma-Lars, kjent blant anna frå forteljingar i barneboka Kvitebjørnen – skydde Hylsfjorden. Der vart dei sett på som farande fantar utan status. Men samstundes som barndommen var lukkeleg var guten Rasmus prega av angst og frykt. Og det blei berre verre etter kvert. Han ville lett av stad og gøyma seg. Det var noko som låg i han. Far hans hadde hatt det same i seg. Guten voks òg opp med ei mor prega av mindremannskjensler, sjølv om ho var blant dei rikaste gardkonene i Ryfylke. Ungdom og sjukdom 16-17 år gammal fekk han gå amtsskulen ute på Sand. Han sat nedst ved døra i det gamle samlingshuset (bedehuset), fekk trekk på seg og var ofte stivfrosen etter timane. Sjølv fortel han at han kom heim att til Løland nærast helselaus. Då bestemte han seg for å arbeida seg frisk, både fysisk og mentalt. Han sto på med tungarbeid alt han kunne, men ut på hausten fekk han nokre kraftige rier med vondt i hjarta. Dokteren på Sand kunne slå fast at den unge Rasmus Løland hadde fått hjartebetennelse, og kunne døy kva tid som helst. Den alt noko nervesvake ungdommen, som mest truleg var plaga av anfall av panikkangst, vart meir enn vitskremd, og dokteren sine ord kom til å følgja han som ei mare gjennom over ti år. Han måtte passa seg for alt tungt arbeid. På det verste lei han av vonde vrangførestellingar og det var "vondter" som flyttet seg i kroppen. Meir slitsamt enn direkte vondt, over mange år, var førestellinga om tråden som gjekk ut av bakhovudet på han der han gjekk. Men tida han levde i, hadde knapt ord for korkje psykisk eller psykosomatisk sjukdom. På den andre sida var det helsestoda hans som for ein stor del gjorde han til forfattar. Han kunne ikkje gjera gagns arbeid som normale unge menn. Og i periodar i sjukdommen fekk han sine "syner", idear til mange forteljingar. Men han skriv tidlig at han gjerne skulle ha bytta bort forfattar æra si med eit normalt liv som frisk. Samtidig var livsstoda hans medverkande til at han kunne sjå andre sine lidingar.
|