|
Side 1 av 3 Av Jon Auklend, Syn og Segn, 1921 Den 24de mai er det 60 aar sidan Rasmus Løland vart fødd. Løland var bladmann og folklorist, umsetjar og bokmann. Han hadde sergivnad til aa granska, fortelja og skildra. Og kunsti hans vil leva so lenge me set pris paa klaar tanke og varmt hjartelag i bokheimen. I hans kunst fekk dei plass som stod utanfor mannringen i livet. Paa skuggesida av livet fann han dei beste venene sine — og der fann han seg sjølv. Anten han skildrar bonde eller bymann, barn eller vaksen, er karakteren i kunsti hans det høge einfelde der han naar lengst, og fyller klassiske krav. Han er ogso ein djup og sermerkt naturskildrar. Og med Løland kom Ryfylke med i bokheimen. Ingen norsk forfattar hev skildra urdi som han. Me ser henne som hadde ho liv og sjel. Han maatte ha kjent seg att i henne — utan kvile, utan ro. Men der millom steinar saag han ogso «fjellrosa» som skyt æveblomar i diktingi hans. I det heile er han ein mangslungen personlegdom. Difor er han ogso vanskeleg aa naa inn til. Men mangt eit drag i liv og dikting vil eit samvitsfullt innsyn i miljo og ætt og samtid gjeva tyding paa. Det er daa naturlegt aa taka til i nordre Ryfylke. Sandsfjorden kløyyer seg i to fjordarmar. Den eine krøkjer seg gjenom den sundrivne fjellmuga to mil i bein aust. Det er Hylsfjorden. I manns minne har han vore illgjeten for raas og straum og skred. Det skifter med skoglider og svadberg og nutar som luter mot fjorden. Her og der i brattlendet kjem ein huskrull fram i synsviddi, tufta i ei skor eller fastklengd i bakken. Sume ligg i skuggen av fjellet og saknar sol i fleire maanader av aaret. Arbo skreiv at det er «dan trongast liggjande heimstad fyrir menniskjur», han nokosinne saag. Uventa har skredor kome og sopa bøar med seg ut i fjorden. Berre hardhausar vann slaast med livet her paa skuggesida i «terra incognita», For hundrad aar sidan skreiv ein husmann paa stoveveggen sin at han hadde skote aatte bjørnar paa to aar. Ein fjordung inn av Sandsfjorden vidkar Hylsfjorden seg ut til større breidd. Og i ei vid søkk i fjellrømdi paa nordsida ligg ei grend. Mot fjorden er det opi utsyn. Paa dei andre sidone er ho innkvelvd i seg sjølv og tilmura av høge fjellvegger, som paa vestsida lyfter seg til to høge nutar med namn etter gardane Fatland og Løland. I umkringen sting tindar fram av nakne fjellet, med evige snøskaut, til umrømdi hallar ned mot bygdi. Bjørk og fure kryp fram paa tverrindane. Nedanfyre ligg gardar i grøne fang. Sidan skifter det med skogaasar og djupe, trollslege holor og svartdæmde tjørner. Fjellraama har vore som den kinesiske ringmuren um folk og liv. Faae tankar har naatt over han, og færre menneske har sprengt seg ut or berget. Gjenom Lølandsskardet gjekk den gamle ferdavegen frå Telemark og Setesdalen til grannesokni Sauda. Men saudabuen gjekk for verste heimfødingen i Ryfylke, so samkvæmet med han hadde ikkje stort aandelegt verde. Eit gamalt stev lyder: Naar sauabuen kjeme ut um skjeraa, daa trur 'an at 'an ser via veraa; naar sauabuen kjeme ut um Sand, daa true 'an 'an er i eit anna land. Paa sørhallet under fjellryggen austan um Lølandsskardet ligg garden Løland einsleg og gøymd, men vænt og fritt, med utsyn mot fjorden. Det er ein gild gard etter høvi der. I aust for garden er det nokre kyrre dalar med gode sumarslaattor. Men for kvar tid kverv naturfreden for livet i arbeid og onn. I skogen der øyder og snøyder dei, og vollar og bakkar snur og ryd dei fraa alder til alder. Her byggjer dei og der byggjer dei, og lenger og lenger et dei seg. Men uppi urdi, der er det alltid seg sjølv likt. Um ein og annan steinen ramlar ned her og der, so ter det seg ikkje att paa det store heile. Ho ligg der med stein paa stein som ho laag for hundrad, for tusund, for tie tusund aar sidan… ingen veit kor lenge. Som digre trollkyrkjor ligg dei største steinarne lengst nede, heilt nedpaa slette flata; i rivjorne paa sidorne, og i mosen uppaa toppen paa dei, gror det krokutte furubuskar som stridt trollhaar. Lenger uppe vert knøysi minder, men ligg tett i tett som ei uhorveleg borg for vette og jotnar. Her og der i krærne gror det enno buskar eit stykke uppetter, krokutt bjørk og osp og hasI og brake um einannan. Men so fær urdi overtaket, so det snaudt vert rom for eit grant straa lenger. Berre graa, graa stein med graa mose paa. Og innunder er det djupe svarteholor, som menneskje aldri hev vore til endes i… ingen hev noko der aa fara etter. Det einaste der kann vera aa finna er bein etter villdyr og rev, gule og gamle, — eller kanskje det er alt fraa det budde menneskje i holor, og stordyri fraa forntidi, mammuth og holebjorn, enno rusla i skogane? Urdi ligg som ho laag i tusund aar og gøymer paa sitt og gjer ingen vis paa det. Men høgt uppe under fjellet vert steinen smaa og sundknasa; der er grut og mold imillom og vent grorbotn for ein liten fin rind med lauvskog. Og uppunder stend fjelle, tungt og myrkt, sume stader beint upp som ein vegg, andre stader lutande langt utyver. Eit stykke av det er fast og heilt som ei staalbringa; lenger burte er det kløyvt og sprengt av djupe rivor og djuv som ligg i flør, blaagraa og graagule yver einannan, sume stader med døkkbrune og bleikraude render imillom, og tanken svimrar for dei utgamle tider, daa dei storkna til av eldmyrja og la seg soleis eller um det var vatne som laga dei av grut og gyrma nedpaa botnen av eit heilt hav. — Her kjein ein liten foss drivande som ein kvit eim; der er eit myrkt hol som haukane fyk ut og inn i. Frampaa eit stup stend ei fura og luter utyver, som ho hev gjort no i hundrad aar eller i tvo, og uppetter djuvi er det hundrad smaaskorer med buskar og grasduskar i. Og set ein i aa hauka, so svarar det med ei skjelvande oming som døyr langt, langt inne, som ei røyst fraa tusundaargamle tider, eller sukk fraa vette som hev sete tie tusund aar i berg. Liten stend ein og stirer paa jotunverke; med age ser ein paa alt dette øgjelege. Ein kjem som Burt for det og er som mana attende til fornverdi, fyrr menneskje var, til fyndeheimen som live i tidsens morgon maa vera fedt og bore av. (av «Aasm. Aarab).  | Rasmus hadde heime i øvstetunet paa Loland. Det er ein grøderik gard med mykje lut og lunnende til. Umfram dei velstelte heimebøane var det stølar og fjellbeite og skog. Traust timber tedde vel att i tunet. Husi var ei tid 30 i talet. Enno er tufti synleg etter “kvebuaa», eit hus dei bruka liksom til festning naar bjørnen var nærsøken etter buskapen. «Gamlebuaa» som staar midt i tunet og er bygd av emnelegt rundtimber er no det eldste huset. Segni vil vita at ho var uppsett til tingstova for Sauda skipreida. Seinare tiders finger hev rita inn segner som botnar i heidensk livstru, men er inntvinna i kristeleg uppfatning. Det er kunstfulle attergangarar av havhest, havfrua og Samson som flekkjer løvekjeften. Bileti og rosemaalingi i bui er døme paa hag bygdemaaling. Millom ættefederne sine kunde dei Løland rekna ein bondehovding som budde paa grannegarden kring 1600. Elles har det vorte til eit stev at «paa Hylsstrandi er det same folket alt». Ætti hadde vore sjølvhjelpt og jamt over velstaaande og heller konservativ. Bestefar aat forf. og bror hans hadde yore kyrkjeeigarar i Sauda. Bestefaren var ei tid skulemeister. Og Lars, far aat Rasmus, var ein interessera og upplyst mann for si tid. Hugen hans stod mest til naturkunna. Han heldt «Almuevennen» og las elles alt som var til lærdom og nytta. Kunnskapen gjorde honom ikkje til bygdepolitikar. Han tala lite og tenkte mykje, eit serkjenne for dei Løland. I religiøs leid var han ein aalvorsam haugianar, men heldt seg undan lækpreikarane, som tyktest den tids hylsfjordingar for «vatsblaa i blikket paa livet». Den forvitnelegaste fienden deira hadde i lange tider vore bjørnen -- ikkje satan. Vintertider daa kjenslelivet er lettast aa skaka upp var bygdi stengd av is og fjell, so lækpreikarane naadde ikkje inn til dette infernum. Og hylsfjordingane anda inn sin «fimbulvinter» i reine drag utan «svovldaam». I røyndi leit dei, som Arnljot, mest paa “mat og megin”. Lars vart daa gangande gruvla for seg sjølv og drogst med ætti sin tvil i fullt maal. Dogmet um dødsriket vart meir og meir til runer som oltvil, og tvilen tærde paa livstægene. Den skøyre livstraaden slitna, og døden løyste upp for han i 1888. Ettermælet minnest best at han var so rask og dugande ein mann. Barbro, mor aat Rasmus, var ei av dei som «sliter arm, men endaa i sitt hjarta varm>>. Arbeid og onn last til og sleit paa helsa. Det kvate huglynde vende seg til tunglynde. Dermed kverv ho or soga so stilt som ho kom. Ho interesserar oss mest av di ho er mor til forfattaren. Rasmus Løland vart fødd den 24de mai 1861. Fødedagen fann han fyrst uti manndomsaari i eit blad. I barndomen drogst guten mykje med sjukdom. Dette gjorde sitt til at tankane slo inn. Han søkte einsemd. I skulen maatte Rasmus Aas, seinare missionsprest, draga den andre Rasmusen fram undan bordet daa dei skulde til med bokstavane. Det synte seg snart at han hadde godt næme. Og det var som eit indre krav baud han gjera alt nøgje fraa seg fyrr han kunde vera nøgd med det. Den gleda han sakna i kvardagslivet søkte han i naturi. Sumardagen lang heldt han seg i skogen med bølingen. I millomstundene fann han emne og smidde samlingar av sauer og kyr og hestar. Um vintrane og smidde han. Han var upphavleg trehendt, men vart ein meister av øving. Til aa ikkje ha kunstnargivnad i den leid dreiv han det vidt i treskurd. Han lærde ogso felagane til aa skjera ut fe og fugl i tre. Sjølv hadde han ei sermerkt evne til aa finna paa nye skap — ofte rengjebilete. Og idei beste namni fann han for han var best heime i soga og «Almuevennen», og der var namn nok. Halvmaanar med gaukeandlet tykte han sers mun i aa skjera ut og gjeva namn fraa bøkerne. Men buskapen kunde ikkje agta seg sjølv. Han smidde gjætarar ogso av tre. Naar so vaaren kom, tufta han Paradiset sitt paa ein stein i utmarki. Der laag han paa stølen med buskapen. Etter kvart fekk naturlivet meir aa segja for han. Blomar som opna seg for barnet fylgde med mannen gjenom livet og skaut knupp i diktingi hans. Daa han lærde aa kjenna livet aat plantane, samla han og sette i tunet til det stod ein av mest kvart planteslag i Hylsfjorden. I dette finn ein inkje prov for nokon sergivnad i botanisk gransking. Han tok det ikkje som Aasen. Det maa heller vera naturgleda aat agraren som ter seg hjaa Løland. I uppvokstren var han ein bokorm. |
|