Hovudsida arrow Artiklar arrow Ved minnesteinen
Ved minnesteinen Skriv ut
Artikkeloversikt
Ved minnesteinen
Side 2

Av Arne Garborg.
Foredrag halde paa Sand den dagen Lølandssteinen vart vigd.
Stavanger Morgenavis, onsdag 24. januar 1912.

Den lagnaden Rasmus Løland fekk var ikkje berre blid, som me veit; og han fekk ingen lang livsdag. Men med sine store gaavur og sin seige vilje naadde han so langt fram og so høgt upp, at namne hans endaa kjem til aa minnast.

Han kom til i 1861, den 24de mai, paa Løland i Sand, der forældri Lars Larsson og Barbro Torkellsdotter, levde i trygg velstand.

Godt avgjøymd ligg garden inn i ei av dei innste Ryfylkebygderne, um lag midvegjes millom Hylsfjorden og Saudafjorden. Etter maaten paa desse kantar er det ein stor gard. Og vent ligg han til i ei opi vid dokk i sørhalle attunder eit rès; der er sjaalegt og fritt, men endaa godt live.
Det er ein god gard; og attaat vide og velstellte jorde hev han gilde fjellbeite og stor skog, som fraa gamalt hev vore liksom “banken” for garden; naar den unge tok imot, so hogg han i skogen det han turvte til aa løysa ut syskjo med. Sidan fekk skogen fred; mannen hogg berre kvart aar ut sligt som helst stod i vegen. Men med det fekk han baade matrial nok til heimabruk og so-vidt til aa selja, at det vart rikjelege rettleidsskjelingar. Skogen kunde daa alltid vera den hjelpi for garden og ætti som skog skal veta.
Lølandsgarden er bygd etter den gamle maaten: med mange og ikkje store hus; der er godt rom millom bygningarne. Umframt heimahuse er der fire andre “buer” (hus til aa bu i); kvar bu hev ein romleg kjøk og ei stor “lemstova” (med lem eller loft yvi): eit par av desse buerne hev vore nytta til gjesterom. Midt i tune stend gamlebuo, den eldste, bygd av ukløyvdi timmerstokkar og utan bordklædning; maalingi, innvendes er fraa 1768. I timra er innhogge eit aarstal fro godt halvfjerde hundra aar sidan: men kor gamalt huse er veit ingen; det maa vera ei av dei eldste lemstovurne paa vestlande.
Ætti paa garden er gamal. Og god gamall bondekultur hev alle dagar raadt her, som inn i fjordarne i det heile. Paa ein grannegard til Løland budde det endaa til ikr. Aar 1600 ei ætt som hev vore av gamalt norskt storfolk; ein av dei siste i denna ætti rekna Rasmus Løland med millom ætteferdrane sine.

Heime vaks Rasmus upp. Og holdt seg heime, som ungdom paa velstandsgardar jamt; han var ein 20-aars kar, fyr han kom so langt som til Stavanger.
Meir enn dei fleste lærde han i den skulen som dei vaksne kallar barnaleik og trur er berre leik; det ser me og av dei barnasogurne han sidan gav oss. Ein god skule var det au aa sjaa paa og etterkvart koma med i baade innearbeid og utearbeid, som dei vaksne dreiv med; og landsborn, ikkje minst vestlandsborn, kjem tidleg med her. Rasmus hadde godt arbeidslag og fint handlag.
Kor mykje han lærde i den bokskulen som no skal vera den rette barnaskulen hev han ikkje sagt noko um. Det som er sisst er, at dei mange trudoms-timarne han der fekk tvinga han innpaa “grublisering” i tidlegaste lage.
Etterkvart som han vaks til vart han glad i aa lesa; serleg lika han bøker som han kunde læra noko av; skildringar fraa langerder og fraa natrulive var han mest forviten etter, um han elles etterkvart lærde aa skyna at der kann vera sanning i diktbøker og.

Guten var liten og nerveveik; og stilt og blygvore for han fram. Men rædd var han ikkje. Høyrde han noko som han ikkje fann grunn i, so spurde han seg fyre; og fekk han endaa ikkje samanheng, so sa han si meining, rolegt og finslegt men greit, og det um han so stod ermaskjurta og i tresko framfyre den kautaste bymann. Han kom i det heile snart etter, at inkje vart sant for di um den eller den hadde sagt det; skulde det vera sant maatte det hava grunnar i seg sjølv.
Hausten 1877 kom amtsskulen til Sand; og Ramsus gjekk inn der; han hadde lært so mykje no at han skyna han visst fyr lite. Det var Torkell Mauland, som var styrar for skulen i dei tider. Den litle 16-17-aaringen fraa Hylsfjorden stakk seg ikkje fram paa skulen heller; og ingen tenkte dette kunde vera noko. Men Mauland fekk stundum sine tankar; Rasmus Løland skreiv godt. Ein av stilarne hans fekk ein bymann sjaa, ein som skulde ha vit paa slikt, og han meinte paa, at for den stilen vilde det verta 1, um han so vart framlagd til artium.
Rasmus nytta tidi vel og var ein av dei som gjorde seg mest gagn av skulen. Dette var daa og den fyrste bokskulen han hadde havt noko hjælp av. Han vaaga seg enno ikkje til aa skriva norskt. Men talemaale sitt heldt han uppe reint og greidt; knita heldt han seg for god til. Og jamt var han med i den flokken som møtte upp, naar Mauland utanfor skuletidi las upp og gjekk igjennom norske diktverk.

Denne eine vinteren paa amtskulen var all den skulehjelpi Løland i ungdomsaari fekk. Sjølv tott han nok elles at han hadde kasta burt mykje tid med skulestræv no; han lagde i veg med jordarbeid og skogsarbeid, som det galdt aa tena denne vinteren upp att. Attaat sende han stundom ein stubb til eit blad: det var fristundsarbeid og ingen ting. Han vart reint forundra, naar han stundom fekk sjaa det att paa prent (som segner fraa Hylsstrandi i “Fedraheimen”).

Men med utearebide hev han vel tekje det for hardt; med alle sine 17 aar var han mindre sterk enn han hugsa. Den veikleiken, som alltid hadde legje under hjaa han, braut fram for aalvor no, - nettupp som han skulde vera vaksen. Han fekk eit hjartemein saa hardt, at naar riderne kom gik det reint paa live. Desimillom gjekk han med eit hald i sida, so han var magtlaus og aldri trygg, og hovaverken var verre enn nokon gang fyrr; det var lange tider det ikkje var tenkjande paa noko slags arbeid.

Dokteren visste ingjo raad. Dauden kunde vera ventande naarsomhelst, sa han. Der vart daa guten gangande, og halvt um halvt liggjande. Og det gjekk som det plar gaa; naar dauden kunde vera velkomen, saa kjem han ikkje. Det vart verande som det var. Letna det for ei stund, so var det ikkje lengje fyrr riderne kom att, og meir og meir matlaus og arm vart han; det som ungdom skulde vore vart til einaste lang, tung graavêrsdag. Sjølv hev han skildra desse vonde aari i “Diktaremne” og i “Aasmund Aarak”.

Etterkvart vandest han so vidt med sjukdomen, at han kunde nytta meir og meir av tidi til aa lesa. Fraa bygdeboksamlingi og fraa andre kantar fekk han laant bøker; og av beste magt lagde han seg etter kundskap, mest naturkunnskap, landkunna, historie. Han lagde seg endaa etter framande maal; baade engelskt og tyskt fekk han lært seg paa desse aari med berre bøker til lærarar., Men so hadde han eit minne og, so han kunde læra heile ordbøker forutto. At han i tider som desse kom innpaa trudoms-spursmaal att er rimelegt nok; og av det som er fortalt i “Aasmund Aarak” kann ein forstaa, at lett hev striden ikkje vore. Men me ser og, korleis spursmaali etterkvart klaara seg for han.

Smaatt um senn var det so vidt framyvi at han kunde slaa seg paa eit eller anna innearbeid; han svarva trekjeralt, batt sopelimar, fletta tog og gjorde tinur. Limar selde han heile baatfarmar av for 2 skilling stykkji; men med tinearbeide gjekk det best; tinemakaren Rasmus Løland vart kjend lengje fyre diktaren.

transDet var elles i desse sjukdomstiderne at diktaren au tok til aa vakna. Mangt og mykje av slikt som han hadde set og røynt, ikkje minst den vanlagnaden han no var komen ut fyre sjølv, og dei suterne av ymist slag som den drog med seg – kjærleiks – og framtids – og andre sorger – mangt av dette skapte seg um til livsbilæte for han: til sogur um slike som paa den eine eller den andre maaten hadde fengje lagnaden imot seg liksom han sjølv; desse sorgurne kunde han liva so heilt med i, at han stundom mest gløymde sine eigne mødur.
Ja stundom dikta han vers. Naar det var so smaatt med han at han inkje anna kunde stella med, so kunde han driva tidi med aa laga skjemtekvad og spottevisur og anna lystigt, som heldt mode uppe; - der hev vore ei forunderleg kraft føynd under all denne veikskapen. Some av desse visurne skreiv han upp; og det kunde henda dei “kom ut”; dei gjekk daa sidan i bygderne som andre folkedikt. Lika eins skreiv han upp mange av forteljingarne sine; det dreiv tidi det med.
- Men sjukdomen heldt seg. Og tog magti ret som det var. Det skrale nerveverkje hev vore ikkje minst til bry for han; i lange tider gjekk han og møddest med paafynster so snodige, at ein kunde tru han var ikkje klok. Eller han drogst med grillur av det slage, som han sidan hev fortalt um fraa Aarak, der sjukingen tykkjerst forstaa, at folkje hans berre ynskjer ham vel “or vegen”.
Fleire aar var gjengne paa denne maaten. Og det bar helst ned-yvi. Um hjarta heldt seg rolegare no, so auka det paa med anna vondt, særleg lungesykja; at guten aldri fekk si arbeidskraft att forstod alle. Daa gamlingen gav fraa seg, skilde han daa uppset (folga) til Ramsus; etter gamalt fekk den fylgja gaarden som helselaus var.

Noko etter vakna det som ei lito ny von for Rasmus Løland. Han hadde etterkvart fengje “ei heile kjiba fudle med forteljingar” So kom han paa at det kunde vera snodigt aa høyra kva ein mann som Mauland vilde segja um desse stubbarne; det var visst god lærdom i some av dei. Og han sende Mauland ei heil “budda” med skrevne ting paa norskt og norskdanskt til gjennomsyn .
Mauland vann seg igjenom budda; svara so, at der var mykje godt i alt, men at sogurne paa norskt var utan likning dei bedste. Løland sende daa nokre av desse til Oslo, um han der skulde kunna faa dei ut; og dette laga seg. I 1888 kom tvo af sogurne hans paa prent: “Hans og Margreta” (i “Lauvduska” og “Litle Eirik og grisen” (i “Fedraheimen”). Ja det utrulege hende, at han fekk skriveløn, heile 40 kr. for “Hans og Margreta”!. Og um den andre vesle stubben ikkje gav pengar, so vart han daa visst lagd merkje til. Rasmus Løland vart reint glad. Kunde han tena eitkvart lite med skriving attaat det han fekk inn med timearbeid og slikt, - so kunde han kanskje endaa vinna so langt at han vart sjølvberga.
Han stræva med baade skriving og timearbeid no eit bil, naar helsa var til det. Det var verre aa skriva no, daa han liksom skulde vera “forfattar”; han kunde nok ikkje fortelja so beint fram som han hadde gjort fyrr. Men snart lærde han – ikkje minst ved at han las av Jens Tvedt – at det galdt nettupp aa fortelja beintfram utan “kunster”, so som og gode bygdeforteljarar gjorde. Lika eins forstod han, alt det var bedst aa bruke sitt eige maal i skrift som i tale; han kom og etter, at den som vil skriva godt landsmaal maa byggja paa bygdemaale og i heile sin maate halda seg til det. Og fyrr han visste ord av gjekk arbeid som av seg sjølv. Til dess meir trygd lèt han meg sjaa igjenom nokre av dei fyrste forteljingarne som skulde ut; og no var det lettare aa faa dei ut enn nokon gong fyrr. Mons Litlerè var komen.
Snart kom det bok etter bok: gjerne eit par um aare. Og alle var dei noko framifra og nytt, i syn og maate og lag; men attaat so braaklaust og kvardagsleg fortalde, at folk kjende seg heilt ut att, og undrast paa um noko so sant kunde vera poesi; diktaren fekk reint magti med tinemakaren. Um det nok enno var tinemakaren som tente mest.

Det var elles ikkje serskilt dikting, Løland tænkte paa; vera diktar var lite tess, naar ein ikkje nettupp kunde vera “ein av ei store”. Men det var mangt og mykje som burde bli sagt. Og lettast var det aa naa fram, serleg til ungdomen, med forteljingar fraa det live dei sjølve kjende til. Mangt kunde ein au faa best fram gjenom forteljing; den som fekk live til aa tala preika betre enn nokon prest. Kunde ein so attaat segja nokre ord som gjorde forteljingar fraa det live dei sjølve kjende til. Mangt kunde ein au faa best fram gjenom forteljing; den som fekk live til aa tala preika betre enn nokon prest. Kunde ein so attaat segja nokre ord som gjorde meiningi dess klaarare og slog sanningi dess meir fast, so var det so mykje betre.

Hadde Løland havt eit mindre klaart hovud, so hadde han soleis lett kunna kome inn paa preikevegen. Eg minnest t.d at han fraa fyrst hadde ein moralsk hale paa sjølve “Skattegravaren”. Og daa eg bad han kutte den halen, so gav han eit svar som viste at han heldt halen for hovudsaki: Men snart forstod han, at sanningi sjølv tala best.

Det nye arbeide gav nyt mod; og mod er ei god lekjeraad; med sjølve helsa bar det fram-yvi.