|
Side 1 av 2 Av Ernst Berge Drange Syn og Segn, nr. 2 i 2007
Arne Garborg stilte dette spørsmålet då han melde Løland si debutbok Folkeliv i Verdens Gang i 1891. Folk flest stiller kanskje det same spørsmålet i dag, hundre år etter han døydde. Men i år startar ei fem års markering til ære for Rasmus Løland, av mange rekna som den viktigaste norske barnebokforfattaren gjennom tidene. Han var ein uredd forfattar, og i det aller første nummeret av Syn og Segn vart han sensurert. Garborg ville ikkje at lesarane skulle mista matlysta.
Då Syn og Segn kom med sitt første nummer i november 1894, var forteljinga ”Or vegen” av Rasmus Løland det første oppslaget etter forordet. Det var jamvel tre Løland-forteljingar i denne første årgangen av Det Norske Samlaget sitt nye tidsskrift (1894–95). Den opphavlege tittelen på forteljinga, som skildrar ein gamal manns dødsleie – eit leie det helst drog ut med – hadde vore ”Paa døydssengi”. Men Arne Garborg, som hadde oppsynet med det litterære i Syn og Segn, meinte at ein slik tittel ville vera eit stygt varsel for det nye tidsskriftet. Ikkje særleg betre var det med titlar som ”I siste stundi” eller ”Helsott”. Difor foreslo han ”Or vegen”. For det var det det handla om. Dei grev mannen ned, ”og gløymd er han”. Arne Garborg hadde hatt to Løland-forteljingar til vurdering sommaren 1894. Den andre forteljinga hadde tittelen ”Eit vondt ungdomsminne”, og var ei soge med temaet sodomi eller Crimen bestialis. Då Løland sende dei to forteljingane til Garborg, hadde han nyleg fått dei i retur frå bergensforleggjaren Mons Litleré med påskrifta ”bør ikkje prentast”. ”Eg skyner ikkje rektig dette”, skreiv Løland i følgjeskrivet til Garborg. ”Stykki er berre stutte etter maaten, og eg hadde inbilla meg, at dei ikkje var av det verste eg hev skrive. Men eg maa ha misteke meg.” Sodomi-soga var for tungt stoff òg for Garborg. Det var for naturalistisk. ”Emnet er so ’ureinslegt’, at eg trur kje Folk kan lesa Soga med heil Hug,” skriv han, og spør seg om Løland kanskje skulle ta bestialiteten ut og setja inn eit anna brotsverk, ”som ikkje var fullt so ufyse aa tenkja paa”. Det gjorde han òg, nokre år seinare.
Før Garborg tok inn ”Or vegen” i Syn og Segn, tillet han seg òg å ta vekk nokre avsnitt i forteljinga. Såleis fjerna han eit avsnitt om spyttekoppen, spyttekoppen som sto rett ved sida av vasskoppen. Der tykte han Løland hadde gått vel vidt i realismen sin. Ein skulle akta seg for slikt som kunne ta mathugen frå folk, meinte Garborg, og han var dessutan redd for at ”gode gamle romantiske Samlagsfolk kunde bli sinna”. Garborg tilrådde òg å stryka ein annan passus, av same grunn, nemleg der den døyande mannen tenkjer på dei mange lukkelege stundene han hadde hatt i senga si, der han no låg og skulle døy. Dette var for lettfeldig. ”De veit korleis Folk er,” skriv Garborg. Men han lét ungkaren Rasmus Flo – redaktøren – ta den endelege vurderinga om gleda i ektesenga. Angst og sjukleg nerveliv Men kven var Rasmus Løland? Arne Garborg stilte altså det same spørsmålet då han melde Løland si første bok Folkeliv i Verdens Gang rett før jul i 1891. Og den landskjende jærbuen, som hadde brevveksla med Løland nokre år og vore fødselshjelpar for boka, svara sjølv: ”Det er en Gut ifra Ryfylke. Hans Beskjæftigelse er nærmest at ligge og svæve mellem Liv og Død paa Grund af en Brystsygdom men jeg har en Mistanke om, at Døden ikke vil ha saa let for at faa Bugt med den Gut.”
Då Rasmus Løland var 17 år gamal i 1878, og nyleg hadde gått amtsskulen heime på Sand i Ryfylke, var han til dokter med hjarta sitt. Der fekk han diagnosen hjartebetennelse og melding om at han kunne døy kva tid som helst. Den alt noko nervesvake ungdommen, som mest truleg var plaga av anfall av panikkangst, vart meir enn vitskremd, og dokteren sine ord kom til å følgja han som ei mare gjennom over ti år. Han måtte passa seg for alt tungt arbeid. På det verste lei han av vonde vrangførestellingar. Meir slitsam enn direkte vondt over mange år var førestellinga om tråden som gjekk ut av bakhovudet på han der han gjekk. Men tida han levde i, hadde knapt ord for korkje psykisk eller psykosomatisk sjukdom. Dei ti åra med sjukdom har Løland skildra i ein svært nær og personleg sjølvbiografi som han skreiv 35 år gamal i 1896, men som først kom ut i 1988. ”Eg var ... fødd med sterke drag til tungsinn og sjuklegt nerveliv”, skriv han om barndommen sin, før angstanfalla byrja riva i han for alvor. Dei psykosomatiske herjingane i kroppen hans snudde først då han i 1890 fekk diagnosen byrjande tæring. Dette er symptomatisk for ein person med helseangst. Pasienten får for første gong diagnose på ein dødeleg sjukdom, og alt det andre forsvinn. Han sto over tæringssjukdommen – i denne omgang – og fekk 17 år til å leva, år han nytta over all evne godt. I alt kom han til å gje ut over 30 bøker, vaksenbøker, barnebøker, skodespel og omsetjingar. Men ulike former for sjukdom måtte han likevel slåst med resten av livet. Psykolog og ”sjæleframsynar” Då Rasmus Løland fekk forteljinga ”Or vegen” på trykk i Syn og Segn i 1895, var han kjend for seks bøker, mellom dei barnebøkene Paa sjølvstyr (1892), Ungar (1892) og Kor vart det av jola? (1894) – klassikarar i norsk barnelitteratur – men òg vaksenforteljinga Skattegravaren (1893). Denne boka vart av Arne Garborg karakterisert som eit meisterstykke i utviklingspsykologi. Med det knytte han Rasmus Løland til den nye trenden i litteraturen, sjeleanalysen. Professor Olav Midttun sette det ein gong på spissen og skreiv at Løland "var psykoanalytikar lenge før Freud fann opp psykoanalysen". Førebileta var fransk og russisk litteratur. Rasmus Løland vart omtala som ”sjæleframsynar”. Derimot var forgylte bondelivsskildringar noko Ryfylke-forfattaren ikkje kunne med. Difor er det heller ikkje rett når han som vaksenbokforfattar for ein stor del har hamna i båsen med heimstaddiktarane. Han hadde større breidd enn som så, og han gjekk meir i djupna i menneskesinnet. I ein tidleg fase vart Rasmus Løland omtala i utanlandske tidsskrift. Tyskaren Ernst Brausewetter, ein stor kjennar av skandinavisk litteratur, skreiv ein heil studie av bøkene hans i skriftet ”Die Gegenwart” i 1894. Derfrå gjorde det franske tidsskriftet Revue des Revues utdrag. Det å bli omtala i utlandet var noko som gav høg stjerne både hos folk flest og hos forfattarkollegaer. Når Rasmus Løland vart beden om å bidra med tre forteljingar i første årgangen av Syn og Segn, har det vore på bakgrunn av hans posisjon som ung og lovande landsmålsdiktar.
Ut i verda – journalist i Den 17de Mai Men kva hende vidare i livet hans? Hemma av sjukdom vart Rasmus Løland gåande lenge heime. Han hadde jamvel fått folge på heimegarden i 1886, 25 år gamal. I familieråd hadde dei vurdert det slik at han aldri ville kunna greia å forsørgja seg sjølv. Og då eldstebroren overtok odelsgarden, fekk Rasmus ein tinglyst kontrakt på at han skulle fylgja garden livet ut. Det er det som er folge, eller kår. Det han heldt på med dei over ti åra med sjukdom, var å skriva forteljingar og å driva med småhandverk. Han produserte mengder med tiner, skeier, kiper og andre småprodukt. Men han lærte seg òg tysk og engelsk ved sjølvstudium. Og han las mykje. Mange av ideane hans til forteljingar kom då hovudet var mest i ulag. Så då Rasmus Løland endeleg kom seg ut av hiet sitt, hadde han store mengder med forteljingar liggjande. Men det var ikkje berre å gje dei ut slik dei var. Han strevde både med form og forteljarstil i mange år. Men etter å ha lese Jens Tvedt si bok Hamnatjonet (1889) losna det for han. I 1892, 31 år gamal, var han sin første tur til Bergen. Der møtte han blant anna den første forleggjaren sin, Mons Litleré. Der møtte han og sunnmøringen Rasmus Steinsvik. I 1895 gjekk han over fjellet til hovudstaden der han gjorde avtalar med Bertrand Jensen, som på mange måtar overtok Mons Litleré sin funksjon som landsmålsforleggjar. Litleré døydde ung våren 1895. Men både hos Litleré og Jensen tapte Løland mykje pengar. I 1896 vart han knytt til den landsdekkande nynorskavisa Den 17de Mai som i opplag i periodar ikkje sto langt bak andre meir kjende landsdekkande aviser. Han hadde særleg ansvar for utanriksstoffet i avisa, men skreiv òg om mykje anna. Hovudsakene hans var målsaka, demokratiseringa av samfunnet (røysteretten) og unionssaka. Redaktør Rasmus Steinsvik skreiv mellom anna dette for å få Løland til hovudstaden for å jobba i avisa hausten 1896: ”Du hev godt av aa koma ut for den sjukdomen din. Eg trur det er med deg som med meg at du er nokso hypokonder. Mot det hjelper det aa koma ut.” Åra 1899–1900 var han på reise i Danmark, Tyskland (Berlin og München) og Austerrike. Han snudde nordetter att etter ein månad i den vakre alpebyen Hall i Tirol, nær Innsbruck. Frå denne turen skreiv han to artiklar – ferdabrev – i Syn og Segn 1900.
|