|
Side 1 av 3 Frå Rasmus Løland: Paa skuggesida. Forteljingar. Oslo: Det Norske Samlaget 1908. Av : Arne Garborg
Han vart ikkje gamall; men mykje godt arbeid fekk han gjort. I Sand i Ryfylke er han fødd, den 24de mai 1861.[1] Foreldri, Lars Larsson og Barbro Torkellsdotter, var gardfolk og velstandsfolk. Innanfor Sandslande (»strandstedet Sand«) stikk det seg tvo lange fjordar inn millom høge fjell: Hylsfjorden mest beint i aust, Saudafjorden i nordaust; millom deim er det eit stort skag med mange gardar; tvert yvi skaget er der eit heller laagt eid (der »Prestavegen« gjekk i den tidi daa desse bygdine høyrde under Suldalspresten); mest uppaa Rìse, midveges millom fjordane, ligg Løland. Det er ein gard med vide aakrar, til i Sandssokni aa vera, og gode fjellbeite; ein stor skog er der og, velstelt gjenom mannsaldrar. God gamall bondekultur raadde paa Løland. Garden var bygd etter den gamle maaten, med ikkje store, men dess fleire hus (noko slikt som 15 i alt ved desse tidir); umfram heimehuse var 4 av desse »buir« d. e. hus til aa bu i; kvar bu hadde ein romleg kjøk og ei stor stogu med »lem« yvi alt (»lemstove«); eit par av deim vart nytta til gjesterom. »Gamlebui«, den eldste, stod midt i tune, ho var bygd av store runde timberstokkar utan bordklædning; dei solsteikte veggine var hardna og fastna so det beit ikkje øks paa deím; det maa ha vori ei av dei eldste lemstogur paa vestlande. Rasmus Løland voks upp heime millom systkin og kjenningar, og heldt seg der til han var um lag 30 aar gamall. Ut kom han ikkje ofte: han var ikring 20 aar, daa han fyrste gongen kom so langt som til Stavanger.[2] Etter skikken i bygdi kom han tidleg med paa gardsarbeid og skogsarbeid. Og daa helsa veikna, so han ikkje lenger orka dei tunge tak, hadde han jamt eitkvart smaatt aa bala med, so han dreiv tidi; han svarva koppar og laga tinur eller batt sopelimar; desse selde han heile baatfarmar av paa Sand. Eit rolegt og finslegt lag hadde han, som godt folk skal hava; og stilt fór han, so han vart lite aatgaadd av ukjende. Men vìt og tanke var der i han; det kunde folk koma til aa merke som minst vardest. Paa Eimbaatsbryggja i Sandsokni stod ein dag ein av stortingsmennane fraa Stavanger; det var rikaste mannen i by'n, og i det heile ein kar som ikkje turvte sjaa anten til høgre eller vinstre. Han rødde med Saudabuane og fortalde deim korleis alt hekk ihop. Daa kom han Rasmus Løland burtaat; han gjekk i tresko og var elles klædd som ein vanleg bygdakar ein sundagsefta. Han høyrde paa den store mannen; gav 'n sistpaa eit lite svar. Grosseraren stod paa sitt, ikkje lite forundra yvi denne treskokaren, som og vilde hava ei meining. Men Rasmus Løland hadde endaa eitt og anna usagt; det vart eit heilt ordskifte. Og folk lo; dei totte han Rasmus hadde likso mykje rett som stortingsmannen. Denne snudde seg sistpaa og gjekk; »eg høyrer du skynar dette betre enn eg,« sa han. Løland hadde det soleis; han stakk seg aldri fram; men galdt det um kva som rett og sant var, so sagde han si meining beint ut til kven som helst.
Paa amtsskulen var han i 1878. Litin og skral saag han ut; ingin tenkte dette kunde vera noko. Men læraren fekk stundom sine tankar. Det var ein gong ein stil av Løland han lagde merke til; denne stilen viste han til ein bymann som var komin der ut, ein som han hadde tru til. Bymannen las stilen, og las han upp att: og han svor paa, at hadde den stilen vori lagd fram til studenter-eksamen, det hadde vorti klaar 1. Enno vaaga ikkje Løland seg til med norsk. Men dei hermingane han bruka og han bruka mange slike, som vanlegt med ungt folk som les mykje var helst paa landsmaal; det var som eit merke paa kvar hugen hans stemnde. Han fekk ei vanhelse-rid, daa han var heimkomin av amtsskulen; det heittest at han var nerveslìtin og bringeveik. Sanningi hev vel vori at han var helsebròtin, og at han no hadde fengi greide paa det. Lunga var veik; og det som var verst: han hadde eit hjartemein, som naar som helst kunde verte spelegt. Korleis dette hev vori til aa vinne seg igjenom, det skynar ein, naar ein les sogur som »Aasmund Aarak« eller »Diktaremne«. Augo var og skrale eit bìl. Han tolde ikkje solskin, og minst glim av sol paa snø; kunde ikkje lenger vera med ute. Til innearbeid dugde han ikkje heller stort, som helsa no var.
|