Hovudsida
Barnebokforfattaren frå Ryfylke

Rasmus Løland (1861 – 1907)  leverte sine første bidrag til Fedraheimen som 17-  åring.  30 år gamal debuterte han med boka Folkeliv (1891), og vart seinare ein pioner innan barnelitteratur med til saman omlag 30 bøker, forteljingar, skodespel og romanar, både for born og vaksne. Heile livet var Rasmus Løland plaga med sjukdom, og berre 46 år gamal døydde han av tuberkulose. 

couch

 

En glemt dikter

Hver generasjon skaper sine diktere. Men de forbruker dem også. De færreste av en generasjons diktere overlever sin samtid , men går tilgrunne med den. Minnet om dem blir bevart gjennom litteraturhistorien, og det er som dikterisk liv nokså kummerlig. Men det hender at en enkelt dikter kan reise seg igjen, og at hans diktning blir levende på ny mellom menneskene.......

Les meir

Eit storverk

Det spirer og gror rundt Rasmus Løland-markeringa. Ernst Berge Drange har skrive mursteinen som er på meir enn 630 sider. Drange har magistergrad i etnologi, men er mest kjend som ein av dei verkeleg tunge bygdebokfofattarane i landet. Med denne Løland-biografien har han laga eit storverk.

Løland var ein ivrig dagbokskrivar frå han fylte 12 år, og dei fleste dagboknotata hans er intakte. Desse har Ernst B Drange  hatt tilgang til, og dei er nok i stor grad med på å fargeleggja personen ....

Les meir

Klokkeklang

Eg sit aaleine paa det vesle romet mit inne i byen. Det er haustdag, fin og blank og still som det berre kan vera um hausten. Sol inn gjenom rutorne, sol i det gulgraae lauvet paa eit tre utanfor. Dette ljoset og stilla vert meg altfor sterkt. Det kjem med som mange hugsviv. Eg gløymer det eg skulde skriva paa og sit med eit og tenkjer paa, at no er det haust vest i alle fjordarne og. No stend skogen gul i haustsol uppetter alle liar og fjell; bjørki drys gult lauv utyver alle strenderne, og lauv flyt paa .....

Les meir

Ny biografi

I Løland si eiga ånd. Ernst Berge Drange (1954) har skrive ny biografi om Rasmus Løland. Biografien som kom ut våren 2007 er eit solid historisk verk. Boka er basert på eit stort kjeldemateriale, deriblant tusenvis av handskrivne dagbokblad. Biografien er eit levande møte med Løland, både som person og forfattar. Sjølv kallar Drange det ei ”nær Løland- oppleving” og historia om eit liv.

Les meir

Klassikarar i ny drakt

Det Norske Samlaget kom i fjor med nyutgjevingar av tre av Løland sine barnebøker: ”Gutar” vart lansert i mai, medan både ”Kvitebjørnen” og  ”Kvar vart det av jula?”  kom ut hausten 2007.
- Det er viktig at språket er tilgjengeleg for born samstundes som ein beheld innhaldet, seier Ragnfrid Trohaug, redaktør for barne- og ungdomsavdelinga i Samlaget. Ho er klar over at somme vil reagere på at ein ....

Les meir

 

 

 

 

 

 

 


Det gilde og det skumle

Er du redd for at andre skal kome over noko du har skrive? Kanskje lese det høgt og gjere narr av deg? Då er du ikkje åleine. Men dei som skriv gode bøker, har skrive hundrevis av små lappar som dei kanskje kan bruke ein gong, kan hende kastar dei flesteparten. Desse lappane er viktige.

Olav Duun gjorde dette frå barndomen av, og likeins Rasmus Løland, som vi feirar særskilt i år. I slekta hans vert det fortalt at han skreiv små lappar med skildringar som han gøymde på rare plassar, i veggsprekkar eller inne i steingardar.....

Les meir

Sjølvbiografi

Løland skreiv ”livssoga” si i løpet av 12-13 dagar i desember 1896. Han startar med orda: ” Naar eg her skal til aa skrive upp eit og anna um meg sjølv, saa maa ein stødt hugsa paa, at dette er hastverksarbeid”.
I blada midt på 1890-talet var det vanleg å ”portrettera” kjende menn. Slik var det både i Den 17 Mai og i ungdomsblada Unge Skuld og Breidablik. Dette var minibiografier med portrett, eit foto, som blikkfang. I ei annonse i ungdomsbladet ”Unge Skud” i 1896, vert det reklamert .....

Les meir

Biografi

På Løland i Hylsfjorden - lengst inne i eit av dei vestlandske fjordsystema - dreiv dei på 1880-talet med sjølvstudium i engelsk, tysk og fransk, og diskuterte politikk, litteratur og anna åndsliv i stovene. Det var forresten ikkje berre på Løland, men i heile det ressursrike miljøet av rike bønder i fjorden, så vel som blant dei meir velståande ute på strandstaden Sand. Dei las og diskuterte Brandes, Ibsen, Bjørnson, Kielland, Lie - og Aasmund Olavson Vinje .....


Les meir