|
Forfattarportalen er utvikla av Norsk Plan. Målet med nettsidene er å gi grundige presentasjonar av utvalde forfattarar. I dette høvet lyrikaren Olav H. Hauge frå Ulvik.
Det er Haugestiftinga som står bak forfattarsidene til Olav H. Hauge. Nettsidene er ein del av dokumentasjonsprosjektet der ein i tillegg også er i ferd med å bygge opp eit senter i Ulvik.
Meininga er at ein på forfattarnettet skal møte kunnskap om forfattaren og forfattarskapen. Det er også meininga at forfattarnettet utover dette skal gi eit godt grunnlag for vidare akademisk arbeid. Samstundes er det lagt vekt på at portalen skal gje lesaren noko meir, og at ein gjennom tekstar, lyd, bilete og film skal få ei raus og omfattande oppleving av forfattaren.
Du vil også finne eit lett tilgjengeleg arkiv med leksikalske opplysningar; biografi, bibliografi, tidslinje, bokmeldingar med meir. Fleire forfattarar vil verta presenterte på portalen, og me har allereie starta arbeidet med den neste presentasjonen. I tillegg til Olav H. Hauge er også Rasmus Løland presentert på Forfattarportalen.
Sjå forfattarnettet til Rasmus Løland her.
|