Hovudsida arrow Dagbok
Dagboka til Olav H. Hauge Skriv ut

Her kan du lese utdrag frå Olav H. Hauge sine dagbøker. Frå mars 1924, då han var 15 år, til mai 1994 skreiv lyrikaren dagbok.

- Med eit tidsspenn på 70 år og eit omfang på 4000 sider er Hauges litterære dagbok også i fysisk forstand blant dei mest omfattande i verdslitteraturen. Naturleg nok skriv diktaren mest om litteratur, men refleksjonane om poesi spesielt og dikting og diktarar generelt er iblanda små og store hendingar frå kvardags- og arbeidsliv, om folk i Ulvik i Hardanger og dei han elles møter kring i landet, om veret, landskapet, språket, reiser i inn- og utland, politiske hendingar på riks- og lokalplan, skriv Samlaget på sine nettsider.